Kven me er

Nettadressa vår er: https://akernabo.no/ og vert administrert av kommunikasjonsavdelinga til Kværner. I tillegg har vår tekniske leverandør på desse nettsidene, Byrået Design & Profilering AS, tilgang til sidene.

Kva for personopplysingar me samlar inn, og kvifor me gjer det?

Personopplysingar

Når du melder deg på nabovarsling frå Kværner, vil me lagra namnet ditt, epostadressa di, telefonnummeret ditt og adressa di. Dette for å kunne sende varsel til deg, og for å kunne administrere oversikten over naboar som ønskjer nabovarsling.

Infokapslar

Viss du har ein brukarkonto og loggar på denne nettstaden, lagar me ein mellombels infokapsel for å finna ut om nettlesaren din godtek infokapslar. Denne kapselen inneheld ingen personlege data, og blir fjerna når du lukkar nettlesaren.

Når du loggar inn, lagar me fleire infokapslar for å lagra innloggingsopplysingane og skjerminnstillingane dine. Innloggingskapslar varar i to dagar, og skjerminfokapslar varar i eitt år. Viss du vel «Hugs meg», vil innlogginga vara i to veker. Viss du loggar ut av brukarkontoen din, blir innloggingskapslane fjerna.

Viss du redigerer eller legg ut ein artikkel, vil det bli laga ein infokapsel i nettlesaren din. Han inneheld ingen personlege opplysingar, og viser berre til innleggs-IDen til artikkelen du redigerte. Han går ut etter ein dag.

Innebygd innhald frå andre nettstader

Denne nettstaden kan ha innhald (td. fontar, videoar, bilete, artiklar osfr.) frå andre nettstader. Slikt innebygd innhald frå andre nettstader fungerer akkurat som om du hadde vore på dei andre nettstadene.

Desse nettstadene kan samla data om deg, bruka infokapslar, innehalda tredjepartssporing, og overvaka korleis du samhandlar med det tredjepartsinnhaldet. Slik sporing kan til dømes vera å spora korleis du samhandlar med innebygd innhald viss du har ein brukarkonto og er logga inn på den nettsida.

Kor lenge me lagrar opplysingane dine?

Me lagrar opplysningane om deg fram til du sjølv ønskjer å melde deg av nabovarselet.

Kva rettar du har over opplysingane dine?

Viss du har meldt deg på nabovarselet, kan du be om å få ei eksportfil med alle dei personopplysingane me har om deg. Du kan òg be om at me slettar alle personopplysingar me har om deg. Det vedkjem likevel ikkje data me må lagra av administrative, juridiske eller tryggleiksgrunnar.

Kvar me sender opplysingane dine?

Me sender nabovarsel via SMS, og brukar ikkje opplysningane dine på anna vis eller videresender dei til anna part.

Fleire opplysingar

Ved ønskje om innsyn, ta kontakt med kommunikasjonssjef Odd Naustdal · odd.naustdal@kvaerner.com · 905 76 079